Glemt Passord?

Psykososialt kriseteam

Dokumentasjon av helsehjelp som vert ytt at psykososialt kriseteam skal dokumenterast i det elektroniske pasientjournalsystemet CosDoc. Helseopplysningar som kan knytast til enkeltpersonar skal ikkje dokumenterast annan stad enn i pasientjournalen.

 

Det skal førast logg for hendingar der psykososialt kriseteam er aktivert, og kvart medlem fører sin logg. Loggen skal ikkje innehalde person- og helseopplysningar, og skal leverast til leiar av psykososialt kriseteam når saka er avslutta. Loggen er unnateke offentlegheit, og skal oppbevarast i Askvoll kommune sit arkivsystem Acos WebSak. Det vert oppretta ei arkivsak per år med k-kode F02 – «rettleiing/rådgjeving».

 

Psykososialt kriseteam dokumenterer si verksemd ved å skrive referat frå møter og øvingar, samt ein årsrapport. Dette skal arkiverast i Acos WebSak i arkivsaka for gjeldande år.

 

For utfyllande opplysningar sjå retningslinje i Kvalitetshandboka: http://askvollriskmanager.sysikt.no/_layouts/15/WopiFrame.aspx?sourcedoc=/Kvalitetsdokumentasjon/Plan%20for%20psykosoialt%20kriseteam%20Askvoll%20kommune.docx&action=default